Navigation Menu+

Om GeoAtlas

GeoAtlas gjer det mogleg å lage tverrfaglege læringsopplegg som kombinerar geografi, biologi, forming, fysisk fostring, norsk, engelsk og andre språkfag. I GeoAtlas vert faga knytt saman med hjelp av kart, artiklar, bilete, lydklipp og filmar – som elevane lagar sjølve.

Hovudinngangen til tenesta er eit dynamisk kart. Der vel du det grunnkartet du ønskjer å orientera deg etter. Ved å kryssa av for dei ulike temalaga kan du få fram ulike typar informasjon på kartet. Her ligg artiklar, lyd og bilete om arbeidsliv, bygningar, anlegg, arkitektur, ferdsle, vegar, stiar, kultur, tradisjonar, naturarv, personar og øvingsoppgåver med framlegg til aktivitetar i nærmiljøet. Du kan velja kva fylke og kommune du vil ha fram informasjon i frå. Dessutan kan du søke på ord i teksten. Resultatet av søket viser seg med ulike informasjonssymbol i kartet, men du får også resultatet lista opp som tekstlenkjer. Du kan henta fram informasjonen frå denne lista eller ved at du klikkar på symbola som er vist på kartet.

Tenesta er særleg tilrettelagt for born og unge, men egnar seg også for andre som ønskjer å nytta GeoAtlas som ein kanal for å nå ut til barn og unge. Brukarane av tenesta er alltid velkomne med tilbakemeldingar som kan hjelpa oss til å utvikla tenesta vidare.

Bakgrunn
Denne tenesta vart etablert i 2003 gjennom eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Asplan Viak Internet as (Avinet), Leikanger og lokale krefter i Balestrand som Balestrand Sogelag, Sognefjord Reiseliv, Sagatun Skule, Balestrand Idrettslag og Balestrand kommune. Tenesta har hadde namnet Fjellatlas fram til 2006 då me endra namnet til GeoAtlas. Målet er å løfta fram natur- og kulturkvalitetar i lokalsamfunnet. I Sogn og Fjordane er 25 av 26 kommunar representerte og andre fylke som til dømes Hordaland er byrja å nytta tenesta.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved ABM Sogn og Fjordane (tidlegare del av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane), vil ha den praktiske leiinga når det gjeld innhald og bruk av tenesta.

Om kart og kartdata i GeoAtlas
Karta i GeoAtlas stammar frå Statens Kartverk sine N2000, N1000, N500 og N250 seriar og er leverte av Norsk Eiendomsinformasjon.

Bruke GeoAtlas data i andre kartløysingar
Dersom du ynskjer å nytte tematiske data frå GeoAtlas i andre kartløysingar, t.d. kommunen si heimeside, er det mogleg å få tilgong til desse ved hjelp av dei opne standardane WMS og WFS. Informasjon om korleis du set opp ei WMS/WFS-kopling mot GeoAtlas vil kome her etterkvart. Inntil vidare må du ta kontakt med Avinet for å få denne informasjonen, sjå kontaktsida.