Navigation Menu+

Raud flugesopp ( amanita muscaria)

Publisert den 6. sept 2009 av

Raud flugesopp i tidleg stadie
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Raud flugesopp i tidleg stadie

 

Raud flugesopp er kanskje vår mest berømte sopp, eit eventyrsymbol; mykje brukt i måleri og teikningar. Gnomar og feear sit ofte på raude flugesoppar. Den smakar godt, men er likevel farleg giftig.

Plassering i kart

 

Hatt
Kuleforma og heilt innelukka i ei kvitaktig hinne (hylle). Som ung kan det minne om ein røyksopp på dette stadiet. Deretter er den kvelva flat og lysande raud med kvite restar av hyllet,noke klebrig, gulaktig under hatten, 10-20cm brei.
Skiver: Frie,kvite.
Fot: Kvit,jamntjukk, men oppsvulma som ein løk ved basis, og med skjellkranser der, brei ring, hengande, rifla på oversida.
Kjøtt: Kvitt uten lukt, mild smak.
Veksestad: Raud flugesopp lever i symbiose med tre og veks på trerøter i forskjellege lauv- og barskogar. Den trivst oftast best saman med bjørk eller gran. Veks også utanfor skogen, for eksempel i parkar og andre stadar der det finnes tre i nærleiken. Denveks i heile Norge.
Giftig. Soppen inneheld nervegifter som har hallusinogen verknad (ser syner). Av den grunn er soppen brukt som rusmiddel av enkelte folkeslag i Sibir.Om vikingane rusa seg på raudd flugesopp veit ein ikkje sikkert. Namnet flugesopp kjem trulig av at ein før drap fluger ved å blande bitar av raud flugesopp i mjølk.

Forgiftning: Etter mykje regn kan raud flugesopp forvekslast med gulraud kremle, då er både flekkane og mykje av fargen vaska bort. Raud flugesopp kan og likne andre kremler. Som ung kan raud flugesopp likne ein røyksopp. Forgiftninga synest å arte seg ulikt frå individ til individ. I tillegg varierer innholdet av dei forskjellege stoffa frå sopp til sopp, samt når på året dei er plukka.

Ein finn elles referansar til raud flugesopp og verknadane i litteratur og populær kultur som Alice i eventyrland, Supermario, smurfane og andre spel

Forgiftning med raud flugesopp vil vise seg i løpet av relativt kort tid (1/2-4 timar). Dersom du har ete raud flugesopp, vil du kunne føle uro, opphissing og ha hallusinasjonar. Det er også vanleg å kjenne hjartebank, få tørre slimhinner, store pupillar og ikkje minst kvalme, oppkast, magesmerter og/eller diaré.

Ta kontakt med Giftinformasjonen viss du trur du kan ha ete raud flugesopp

 

CC BY-SA 4.0
Raud flugesopp ( amanita muscaria) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjarne Bergheim 8. kl 2009
Kjelder: Edmund Garnweidner:Sopp. I serien cappelens naturhåndbøker cappelen 1990 Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8d_fluesopp#Mytologi_og_religion Universitetet i bergen:http://folk.uio.no/klaush/aman_mus.htm Helsedirektoratet: http://www.helsedirektoratet.no/giftinfo/giftige_sopp/r_d_fluesopp_er_en_giftig_sopp_128594 NRK:http://www.nrk.no/programmer/radio/nitimen/1.867534

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>