Navigation Menu+

Piggvar (Psetta maxima)

Publisert den 6. sept 2009 av

Piggvar
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Piggvar

Ein pensjonist frå Gloppen, som ofte fiskar på Gloppefjorden, kunne fortelje om ein spesiell fangst ein dag, hausten 2009. Fisken likna på ei lita kveite, men det var noko rart med hovudet. Augene såg liksom til «feil» side.

Piggvar
Dette var ein piggvar som er ein venstrevendt beinfiskeart i varfamilien. Augene sit altså på venstre sida av hovudet. Hjå kveita sit augene som regel på høgre sida. Han er ein flyndrefisk som kan vege opptil 25 kg, og bli 1 m lang. Piggvaren er nesten rund. På augesida er det mange beinknutar (piggar). Han kan ha mange fargar, frå lysegrå med marmoreringar i brun-nyansar til mørk svartgrå. Fisken har ei god evne til å skifte farge etter botnforholda. Piggvaren brukar ofte å grave seg ned i sand, grus, stein eller blautbotn, for så og angripe byttet. Han er eit aktivt rovdyr som et: tobis, kuttlingar, skrubbe, raudspette, hyse og torsk. Piggvaren lever frå fjæra og heilt ned på 80 meters djupn. Dei unge piggvarane held seg på grunnare vatn enn dei eldre. Om hausten trekkjer dei ut på djupare vatn, og om våren trekkjer Han seg inn på grunnare vatn att.

Frå april til august
Piggvaren gyt frå april til august på ca. 10-40 meter. Nokre gyt også i brakkvatn. Dei legg 10-15 millionar egg med ein diameter på 1 mm. Egga og larvane driv i vatnet i inntil to månadar før dei Set seg fast i botnen (botnslår). Når dei botnslår er dei 2-3 cm lange. Dei botnslår ofte på strendene, der dei gjerne oppheld seg ein sommar og ein haust, før dei trekkjer ut på djupare vatn. Det gjer dei i september. Då er dei 8-11 cm lange.

Utbreiing
Piggvaren lever i Nordaust-Atlanteren, frå Svartehavet og Middelhavet til Lofoten. Han lever også i Nordsjøen og Austersjøen. I Noreg er han mest vanleg i Sør-Noreg og Nordland, men sjeldan nord for Lofoten.

Havets fasan
Du kan kjøpe han i ferske skiver, filet og som heil fisk. Kjøtet er kvitt, fast, fint og veldig ettertrakta. Difor blir han kalla ?havets fasan?. Kjøtet kan steikast, kokast eller grillast. Ein får best kvalitet på fisken i september- april. Ofte kjem piggvaren frå oppdrett, då kjem han hovudsakeleg frå Sør-Europa. Det er lite oppdrett i Noreg fordi han treng då oppvarma vatn (ca. 16 grader celsius.)

CC BY-SA 4.0
Piggvar (Psetta maxima) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Kristin Haraldsvik 2009

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>