Navigation Menu+

Flaggermusnatt på Sandane, Gloppen 28. august 2009

Publisert den 17. sept 2009 av

Johannes fortel om flaggermus
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Johannes fortel om flaggermus

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ved Thorleif Jakobsen, med god hjelp av lærar Svein Hjelmeset på Gloppen Ungdomsskule, stelte til flaggermusnatt på Sandane fredag 28. august 2009. Oppmøte var kl. 20.00 på naturfagrommet på ungdomsskulen, og det var totalt 22 personar til stades. Av desse var 9 born i ulike aldrar.

Plassering i kart

Litt teori fyrst
Johannes Anonby synte powerpointpresentasjonen frå Norsk Zoologisk Foreining. Etterpå hadde han ein demonstrasjon av korleis flaggermusdetektor (Pettersson Ultrasound detector D 240x) verkar, prinsippa for heterodyne og tidsekspansjon, og korleis vanleg fingergnissing høyrest ut på begge måtane. For å sikre at ingen skulle risikere å gå heim utan å ha høyrt flaggermus, spela han også av lydar tekne opp tidlegare år, frå Gaular. Der var både nordflaggermus og vassflaggermus, slik at ein kunne høyre skilnaden mellom desse.

Det er ute det skjer
No hadde klokka vorte om lag 21.15, og det var tid for å gå ut. Det hadde regna tett mykje av dagen, men no hadde regnet nett teke slutt. Det var vindstille og om lag 13º C, og tilhøva verka ideelle. Sjølv om det enno var relativt lyst, trekte vi oss inn mot Jølet og Nordfjord Folkemuseum, der vi vart ståande å sjå og lytte. Kombinasjonen av frodig lauvskog, gamle bygningar og ein brusande bekk burde vere god, men det var skuffande lite flaggermus. Berre nokre få av deltakarane fekk nokre flyktige glimt av flaggermus. På detektoren vart det derimot teke opp nokre sekvensar av NORDFLAGGERMUS-låt, som vart spela av, både på heterodyne og tidsekspansjon, for alle som var i nærleiken. Johannes fekk brått ein liten stein midt oppe i hovudet medan han stod og speida, og konstaterte med dette at knepet med å hive småstein i lufta hadde vorte raskt adoptert av den yngre garde. Sjølv om det var ein liten stein, med begrensa skadepotensiale, tok han opp att formaninga om å vise varsemd, noko det opplagt er grunn til.

Kvar sin frekvens
I og med at storflaggermus har vore registrert ved Sandane, hadde vi detektoren rundt 20 kHz nokre gonger. Likeins skrudde vi opp til 50-60 innimellom med tanke på dvergflaggermus m.m., men ingen av desse forsøka gav resultat, og det meste av tida vart det lytta rundt 30 kHz, for å ha best sjansar for å høyre flaggermus. Så lenge vi berre hadde éin detektor, kunne vi ikkje «høyre på fleire kanalar» samstundes.

Sjølv då det hadde vorte temmeleg skymt, var det lite flaggermus-aktivitet, og fleire gjekk heimover. Kanskje var det betre ved Storelva? Det ville vere eit kvarter å gå, noko som var lite attraktivt for dei yngste. Klokka nærma seg no 2230. Vi som var att, den harde kjerne i form av 6 vaksne og 3 born, sette oss like fullt i bilane og køyrde dit.

Brua over Storelva var opplagt ein god plass. Her vart vi straks møtte av nordflaggermus-låtar, og vi hadde knapt kome ut på brua før også VASSFLAGGERMUS-låtar vart registrerte. At det var vassflaggermus, og ikkje ein annan Myotis, kunne vi snart konstatere då vi såg dei raske skapnadene som passerte fram og attende under brua, lågt over den rolege elve-overflata. Ein av oss hadde ei lykt som han lyste ned på vassflata med, og no og då såg vi vassflaggermus som kryssa gjennom lyset i korte glimt. Det vart gjort opptak på detektoren av både vassflaggermus og nordflaggermus, til dels gode og kraftige signal på same opptaket. På tidsekspansjon kunne vi lett høyre klangskilnaden mellom dei klare nordflaggermus-tonane og dei litt mindre melodiske «tsjytt, tsjytt, tsjytt ?» frå vassflaggermus. Vi såg minst 2 vassflaggermus samstundes, men det kan gjerne ha vore fleire.

Dette var ei fin avslutning på kvelden, og som gjerne fleire kunne ha fått med seg. Brua var likevel ikkje nokon eigna plass for mange menneske samstundes, og dei vaksne måtte passe på at borna heldt seg godt attmed rekkverket når det kom bilar. Dei luraste hadde hugsa refleks, og heldigvis var dei i fleirtal.

Hovedarrangør: Johannes E. Anonby

Sjå frå andre arrangement rundtom i landet

CC BY-SA 4.0
Flaggermusnatt på Sandane, Gloppen 28. august 2009 av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Johannes Anonby 2009
Kjelder: Norsk Zoologisk Foreining

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>