Navigation Menu+

Rukkevier (Salix reticulata)

Publisert den 17. sept 2009 av

Rukkevier på Svarthammaren
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Rukkevier på Svarthammaren

Rukkevier er ein sikker kalkindikator. I Gloppen finn du han både på Svarthammaren ved Svinestranda og i Fagredalen. Han er lett å kjenne på dei rynkete, tjukke blada og den irrgrøne fargen.

Plassering i kart

Litt om planten
Rukkevier er ei dvergbusk med knudrete kvistar som ligg på bakken, eller over
stein og berg. Den er mellom 1 og 5 cm stor. Veks på grunne starrmyrar, reinroseheiar, rabbar, klippehyller, snøleie og ofte i store mengder. Dette er ein sikker merkeplante for kalkholdig grunn. Rynkevier finn du såleis i heile landet på kalkrik jord, gjerne tørrare stadar enn der resten av vierane veks. Blada er tjukke, grøne og litt
gråaktige på undersida og rynkete. Bladkanten er tydeleg innrulla. Han veks heilt opp til 1940 meters høgd. Rukkevier høyrer til pilefamilien og blomstrar i juli.
Plantane i pilefamilien er særbu, så rukkevier har hann- og hoblomst på kvar sin busk.
Utbreiing
Rukkevier finn du i Europa, Nord-Amerika, Nord-Asia, men han manglar på Island og Grønland.

Fjellflora av Gjærevoll og Jørgensen

CC BY-SA 4.0
Rukkevier (Salix reticulata) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Inge Arnestad 2009

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>