Navigation Menu+

Kjempetrekveps (Urocerus gigas)

Publisert den 18. sept 2009 av

Kjempetrekveps viser seg oftast i august. Han har same fargane som vanleg kveps. Desse fargane gjev oss og andre signal om fare. Når kvepsen i tillegg er spesielt stor, er det lett å tru at ein må halde seg langt unna. Det lange eggleggingsrøyret er altså ingen giftbrodd.

Utsjånad
Dette er største kvepsen i Mellom-Europa. Han kan bli opp til 4 cm lang. Ho – kvepsen er gul med svart bryst, eit breitt, svart tverrband over bakkroppen og forsynt med eit langt og spist eggleggingsrøyr. Hann – kvepsen er svart med eit breitt, raudt midtparti på bakkroppen.

Levevis
Hoa brukar eggleggingsrøyret til å bore seg ca 1 cm inn i treet, helst gran, der ho legg fleire egg. Larvane lever altså i bartre, over heile landet. Dei lever i symbiose med ein trelevende sopp som blir sett inn i treet av ho – kvepsen i det same egga blir lagde. Denne soppen inneheld eit enzym som gjer at larven kan fordøye trevirket. Berre døde eller skadde tre blir brukt, og tømmeret blir skada av larvane sine tjukke gangar i veden. Utviklinga til ferdig kjempetrekveps tek 2 – 3 år . Ofte kan larvane liggje uskadd i plankane etter at tømmeret er saga opp til material, for deretter å krype rett ut av veggane i nybygde hus. Dei skaper frykt med sin storleik og sitt lange eggleggingsrøyr, men dei har ikkje giftige stikk som vanlege kveps og bier.

CC BY-SA 4.0
Kjempetrekveps (Urocerus gigas) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>