Navigation Menu+

Dvergspett (Dendrocopos minor)

Publisert den 28. sept 2009 av

Den mest kjende hakkespetten i Gloppen er kanskje flaggspett. Elles kan du sjå både grønnspett, gråspett og kvitryggspett. Den sjeldnaste av dei er kanskje den som er minst: dvergstta. Sommaren 2009 var det gjort hekkefunn av denne fuglen ut mot Apalset.

 

Dvergspett er ein liten fugl i spettefamilien. Han kan vera vanskeleg å få auge på, fordi han ofte held seg i tretoppane. Han er omlag 16 cm og merkbart mindre enn dei andre svart-kvit spettane i Noreg. I fjørdrakta skil han seg frå kvitryggspetta med at den kvite bakryggen er tverrstripa i svart, og at undersida er kvit med bruntonar. Hannen har raud isse medan hoa har kvit. Nebbet og føtene er grå-svarte. Dvergspetta jaktar på same måte som flaggspetta. Dei hakkar laus ròten bork og treverk for å komma fram til insektslarvar, som er hovuddietten gjennom vinteren. Om sommaren fôrar han ungane sine med insektslarvar og edderkoppar. Om netta søv dvergspettane i innhola tre.
Sponrester på bakken kan vera ein indikasjon på reirplass, for dvergspetten er ikkje så nøye på å fjerna flis og spon når han lager hòl i trea. Hòla er forholdsvis høgt over bakken, opptil 10-13 m., og blir som regel hakka ut i lauvtre, ofte bjørk. Diameteren på hòla er om lag 3-4 cm, og i mai-juni legg hoa 4-6 kvite egg på eit underlag av laushakka flis. Etter at begge foreldra har delt på ruginga, blir dei klekt etter om lag 11 dager. Ungane blir i reiret i 18-21 dagar før dei flyg ut. Dvergspetta er stand- og streiffugl.

 

CC BY-SA 4.0
Dvergspett (Dendrocopos minor) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jon Kristiansen 8. kl 2010
Kjelder: Wikipedia og Norsk ornitologisk forening.

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>