Navigation Menu+

Kornspurv (Emberiza calandra)

Publisert den 2. des 2009 av

Kornspurv
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Kornspurv

Det har minka på kornspurven i Norge. Reknar med det er berre få eksemplar som finst i vårt land. I Danmark og lenger sørover i Europa hekkar det kornspurv framleis.

Kornspurven er medlem av spurvefamilien, og den er den største av buskspurvane. Den byggjer reiret sitt på bakken. Kornspurven har 1 til 2 kull i året og i kvart kull legg den 4 til 5 egg. Hoa rugar på egga i 12 til 14 dagar. Fugleungane forlet reiret 9 til 12 dagar etter dei er klekte.
Kornspurven er eit sjeldan syn i Noreg. Siste kjende hekkeplass var Lista. I Danmark er den framleis vanleg å sjå. Arten står som utrydda på Raudlista frå 2010 over truga fuglearter i Noreg. På grunn av klimaendringar og varmare temperatur kan artar som denne saman med turteldue og hærfugl igjen flytte nordover. Songen er »tikk» eller »kit kit» og kan hørast litt mekanisk ut.

Utsjånad:

Kornspurven kan bli opp til 18cm. lang og 50g. tung. Hannen og hoa ser like ut, sjølv om hannen er ein del større. Fjørdrakta er kraftig stripete i grått, brunt og kvitt. Den kan minne om ei sanglerke, men den har ikkje kvite stjertfjør, vinge – bakkant eller kvit augestripe. Heile fuglen verkar kraftig, og den flyr tungt. Den har ofte beina hengande nedover medan den er i lufta, særleg like før landing.

Biotop:

Den oppheld seg i hovudsak på dyrka mark eller jordbruksområde der det og er busker den kan skjule seg i.

Føde:

Kornspurven lever i all hovudsak av frø og insekt, men kan og ete brødsmular og liknande.

Kjelder: Bokklubbens naturhåndbøker
www.opplevnaturen.no
www.iskogogmark.no
 

CC BY-SA 4.0
Kornspurv (Emberiza calandra) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håvard Hovstad 9. kl 2011
Kjelder: Kjelder: Bokklubbens naturhåndbøker www.opplevnaturen.no www.iskogogmark.no

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>