Navigation Menu+

Spurvehauken som kom litt ut av kurs

Publisert den 8. feb 2010 av

Stor spurvehauk ho
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Stor spurvehauk ho

 Spurvehauken hekkar fleire plassar i Sogn og Fjordane. Fuglen er lettast å sjå om vinteren, for då kan han plutseleg vere der, og snappe ein fugl som oppheld seg på foringsplassen. Trast og mindre fuglar tek han gjerne i flukt.
 

 

Ikkje full kontroll

Ein slik episode fekk Svein – Gunnar Heggheim vere vitne til her ein dag. Han var i ferd med å montere varmepumpe, då han nesten fekk ein spurvehauk i hovudet. Fuglen hadde teke ei gråtrast i flukt, men feilberekna, og flaug i eit vindauge. Deretter datt spurvehauken rett i bakken og vart liggande i svime. Til alt hell tok Svein – Gunnar seg av fuglen og la han i eit eigna bur.
 

Litt av naturen inn i klasserommet

Ikkje lenge etter denne episoden fekk eg telefon frå Nils Heggheim . Han lurte på om eg, og spesielt elevbedrifta ”Natur, kultur og media”, kunne vere interesserte i å ta vare på den skada fuglen. Nis tok med fuglen til Gloppen ungdomsskule og elevane fekk studere spurvehauken på svært nært hald i siste timen. Han hadde også med seg ”niste”, for den døde gråtrasta låg og i buret. Dette er andre gongen Nils har teke seg av skada spurvehauk. For 6 år sidan skjedde det same, men då var fuglen utan bytte i klørne.
Etter å ha studert fuglen nøyare, fann vi ut at det var ein hofugl som var 1-2 år gamal. Hofuglen er alltid størst både hjå hønsehauk og spurvehauk. Denne fuglen kunne ein kanskje tru var ein liten hønsehauk. Bilda viser heilt tydeleg at det er spurvehauk, fordi augehudringen er gul. Hudkanten rundt auget til hønsehauken er derimot svart.
Sjølv om hauken heilt sikkert var svolten i går då han fanga trasta, gjekk det nesten eit døgn før han smakte på ho. Då åt han det meste på kort tid. Dette var eit godt teikn, så utpå dagen vart han sleppt ut i det fri, og han stakk fort ut på ny jaktrunde.

Litt om fuglen generelt
Spurvehauk er ganske vanleg i Norge, og ein reknar med at ca 5000 par hekkar kvart år i Norge. Når vi veit at fuglen helst byggjer reir i tett granskog, kan ein del hekkebiotopar fort bli raserte ved dagens effektive snauhogst av slike plantefelt.
Reiret er bygt av tynne kvistar og ligg 5-10 m oppe i ei gran. Det vanlege er 4-5 egg i mai. 24-30 dagars ruging. Ruginga startar når fyrste egget er lagt. Fuglen legg egg berre kvar andre dag, slik at det vert aldersforskjell på ungane. Blir det då lite mat, overlever dei største.
 

CC BY-SA 4.0
Spurvehauken som kom litt ut av kurs av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2010

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>