Navigation Menu+

Molte (Rubus chamaemorus)

Publisert den 23. mar 2010 av

Molteblomst
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Molteblomst

Molte er ein plante i rosefamilien. Det gule bæret smakar godt og blir gjerne nytta som mat. Molte er namnet på både planten og bæret. Myrbær er eit anna namn på molte. Det vert særleg brukt om den mogne frukta.

 

 

Skildring
Molte er ein fleirårig plante som gjerne veks på myr. Høgda er 5- 20 cm. Molta har ein krypande jordstengel, og mange blomar kan kome frå same plante. Blomstrane er kvite. Blomane på kvar plante er einkjønna. På ein enkelt plante er det berre hoblomster eller hanblomster, ikkje begge deler. Fruktene, som er samansette av små steinfrukter, vert gule når dei mognar.

Molte har ei karakteristisk utvikling frå blome til frukt:
· Blomen er open.
· Kronblada fell av, og begerblada, hamsen, let seg att.
· Frukta startar å vekse, kvit til grøn.
· Ein ser den harde raude frukta, karten, mellom begerblada.
· Begerblada rettar seg ut, og frukta er mogen.

Moltene byrjar å blomstre i mai i syd, og i juni- juli i nord.

Utbreiing
Molteplanten er å finne i heile Noreg. Han er å finne i torvmark, på næringsfattig myrjord, og i open skog. I Gudbrandsdalen veks han opp til 1400 m.o.h. På dei høgste veksestadane er plantene ofte sterile. Elles veks han rundt heile den nordlege halvkula. For det meste finn ein molta mellon 55’N og 78’N. I tilleg til Norden, veks han og i Baltikum, gjennom Nord- Russland aust til Stillehavet. Små førekomstar er funne lenger sør, mellom anna i Tyskland. Der kan ein finne han i Weser- og Elbe- dalane. I Nord- Amerika veks molte gjennom det mesta av Alaska og Canada.

Bruk
Bæra vert mellom anna brukt til syltetøy og moltekrem. Dei kan òg brukast til å lage likør av. Molte inneheld mykje C- vitamin. Molta har vore viktig for den nordlegaste delen av Noreg. Difor er det forbod mot å plukke molte på annan manns molteland. Dette gjeld i Finnmark, Troms og Nordland. Tidlegare var det forbod mot å plukke moltekart over heile landet. Den lova vart fjerna då det ikkje ser ut som molteplanten tek skade av kartplukking, noko ein tidlegare trudde.

 

CC BY-SA 4.0
Molte (Rubus chamaemorus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Inge Arnestad 2010
Klassetrinn: 10b

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>