Navigation Menu+

Grågåsa hekkar i Gloppen!

Publisert den 24. mai 2010 av

Grågås med familie i Bukta
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Grågås med familie i Bukta

Kanadagåsa har i fleire år hekka i Gloppen. I fjor var det to par som hadde reir i Selvågane. Grågåsa derimot, har berre vore innom Gloppen under trekket vår og haust. I år har 3 grågås vore uvanleg lenge i Bukta – området. Kunne det bli hekking i år?

Fyrste hekking i Gloppen?
Måndag 24. mai 2010 var fyrste grågås – paret ute med sine 6 nyklekte ungar. Paret har kanskje hekka i Bukta fuglefredingsområde, eller langs neste delen av Gloppeelva. Seinare på dagen vart det registrert eit grågåspar i Selvågane med berre 5 ungar. Det kunne vere same fuglane som vart sett i Bukta, men som hadde mist ein unge, eller eit par nummer to som også har hekka i Gloppen. Svartbaken var i alle fall på jakt etter både ærfuglungar og anna levande i dag.

Utsjånad
Grågåsa er ein ganske stor fugl med ei lengde frå 75 til 90 cm, og eit vengespenn på 150-170 cm.

Hekking
Grågåsa høyrer til i andefamilien og er ein trekkfugl. Det er eit sikkert vår – eller haustteikn når grågåsa trekkjer i plogformasjon anten nord – eller sørover. Dei fleste trekkjer til Sørvest-Europa og Nord-Afrika. Nokre overvintrar i Sør-Norge. Dei hekkar på holmar og øyar ute ved kysten.
Reiret blir plassert godt skjult på bakken og det blir fôra med dun. Hoa rugar dei  4-9 egga i fire veker. Familien held saman første vinteren. 
 Mat
Grågåsa et plantekost, for det meste gras og urter. Både grågås og kanadagås kan vere eit problem for bøndene. I tillegg til at dei et graset, trakkar dei det også ned. Det verste er kanskje at ekskrementa frå fuglane vert med når graset vert hausta.
 

CC BY-SA 4.0
Grågåsa hekkar i Gloppen! av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2010

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>