Navigation Menu+

Bakhaldsangrep, to imot ein

Publisert den 2. jun 2010 av

Bakhaldsangrepet. Teikning av Therese
Foto: Therese Vevang Opdalcbn

Bakhaldsangrepet. Teikning av Therese

Uddalsmannen åleine mot dei to sleipe småkongane frå Frøyseth.

Plassering i kart

Oppdalsøyra, før  kalla Oppdalsbygdi, ligg i Gulen. Uddalen i dag kalla Nedre Opdal, ligg litt oppi bakken over Øyra.
I vikingtida budde der ein mann, som har fått namnet Uddalsmannen. Eigendommen hans strakk seg frå Glosvika til Takle og frå Frøyseth i Masfjorden til Hantveit.
Der budde han med familien sin og med trælane sine. Han reiste i viking, han handla med folk, fiska og dreiv jordbruk. Som bonde hadde han stølar og jakt dreiv han i fjell og liar.
Det som i dag vert kalla Øvre Opdal var vårstølen hans, og Kjelby var sommerstølen. Der Krossvoll ligg i dag, hadde han kalvehagen sin.
I Masfjorden på Frøyset ,var der to like store ,, småkongar» som Uddalsmannen i Gulen. Desse tre eigde då Myrdalen, dalen mellom Kjelby og Sleire, i lag. Og det vart det sjølvsagt krangel om.
Dei var samde om å løyse usemja ved ,, nevetak ». Dei skulle med andre ord slåst om kor grensa skulle gå. Men kampen var ikkje rettferdig, det var to mot ein.
Ein av versjonane om denna hendinga er slik: Uddalsmannen og dei to frå Frøyseth skulle begynne å gå med vanleg gangfart frå sola stod opp til dei møttes i Myrdalen. Det Uddalsmannen ikkje viste var at dei to frå Frøyseth låg i bakhald. Uddalsmannen vart drepen av dei to. Og der han låg att som lik, der heiter det Grøsskaret. Der er der ein stor stein, kalla Bondesteinen. 

Eit herme etter Uddalsmannen: Uddalsmannen og ein annan står oppå Uddalsfjellet.Uddalsmannen står kry og peikar utover og seier: "Alt du ser er mitt og det du ikkje ser er også mitt."

CC BY-SA 4.0
Bakhaldsangrep, to imot ein av Therese Vevang Opdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Therese Vevang Opdal 2010
Klassetrinn: 9. klasse
Kjelder: Jørgen Opdal,eige hefte
Kommune: Oppdalsøyra

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>