Navigation Menu+

Stylteløpar (Himantopus himantopus)

Publisert den 9. jun 2010 av

Stylteløpar
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Stylteløpar

I Norge er stylteløpar ein sjeldan gjest. Når vi veit at denne fuglen held seg litt i same områda som avosetten, kan det vel tenkjast at han og, som avosetten, kan vere gjest i Gloppen ein gong. Fuglen hekkar i Sør-Europa og i Asia.

 

Feltkjenneteikn.

Stylteløparen, er ein vadefugl i avosettfamilien. Han kan minne om avosetten. Kroppslengda er ca. 38 cm.
Stylteløparen er ein elegant og grasiøs vadar, umisskjenneleg ved sitt spisse, rette og tynne nebb, sine usannsynleg lange, raudrosa bein og den svartkvite fjørdrakta. I flukt vert silhuetten merkeleg langstrakt, fordi dei lange beina stikk ut langt bak kroppen. Undersida av vingane er svarte. Vingane er spisse, og raske, kvasse vingeslag er karakteristisk for fuglen.
 

Leveområde

Stylteløparen er ein trekkfugl som overvintrar i Afrika. Fuglen de ser bilde av i denne artikkelen, hekkar i brakkvatn i Izmir i Tyrkia. Under hekkinga er han aggressiv. Ser ut for at fuglen hekkar både i Italia og i Spania. Sikkert ein fugl fleire har sett på sine ferieturar sørover i Europa.
Fuglen kan pga sine lange bein, finne mat i djupare vatn enn mange andre vadarar. Lever mest av insekt som han snappar frå vassoverflata eller som han finn i vegetasjonen

Observasjonar i Norge.
Den 16 april 2009 vart denne fuglen observert i Hordaland, denne gongen i Årdalsvatnet på Stord, av Tor Helge Heggland. Det har berre vore fire observasjonar av Stylteløpar i Noreg tidlegare, til dømes i 1993 då fuglen var på besøk i Finnøy i Rogaland. Kvifor denne fuglen dukkar opp i Noreg er eit mysterium sidan han vanlegvis oppheld seg i varme strøk.
 

CC BY-SA 4.0
Stylteløpar (Himantopus himantopus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Vebjørn Høyland 9. kl. og Svein Hjelmeset 2010
Kjelder: Gyldendal store fuglebok og wikipedia

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>