Navigation Menu+

Spanande ringmerking av fugl i Gloppen

Publisert den 21. jul 2010 av

Kjell er klar til å merke fyrste smålomen
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Kjell er klar til å merke fyrste smålomen

Søndag 18. juli fekk Gloppen besøk av to ivrige ornitologar frå Hareid.
Kjell Mork Soot har ringmerkt fugl sidan 1965. Gjennom mange år har han merkt fleire tusen fugl mellom anna på Fokstumyra, Svalbard og mange andre stadar utanom heimkommunen si.

 

 

Utifrå fugleobservasjonar som ligg på www.fugler.net, vart eg kontakta av Kjell Mork Soot, som gjerne ville kome hit for å ringmerke tre spesielle fuglesortar. Det viste seg faktisk at vi hadde vore i kontakt med kvarandre for ca 40 år sidan. Dette hadde nesten gått i gløymeboka. I 1971 var vi begge studentar i Volda. Eg hugsa at eg fann eit vendehalsreir der, det året. Eg tipsa ein ornitolog som skulle merke ungane. Då Kjell slo opp i notatboka si, hadde han merkt 9 vendehalsungar 17. juni 1971. Desse karane har ein fantastisk orden i notatane sine, og dei gjer eit viktig feltarbeid.

”Oppvarming”
For å få ein god start på dagen, starta vi med å ringmerke 3 tårnseilerungar. Nokre par hekkar i Gloppen, og dei legg reira sine under takstein eller inne i små holrom opp under tak. Denne fuglen er ein fantastisk flygar som stort sett held seg på vingane. Det er og sagt at han greier å sove medan han flyg. Det som er litt spesielt med desse fuglane, er at dei har nokre store, blodsugande, grøne fluger (tårnseilerfluge) i fjørdrakta. Fuglane som vart merkte hadde fleire av desse blodfulle flugene på seg.

Smålom
Smålom hekkar fleire stadar i Gloppen, men vi satsa på berre ein av desse plassane. Det er ei kjend sak at ornitologane nyttar nett når dei skal fange fuglane som skal merkast. Det gjekk veldig fint å få fanga smålomane, ein vaksen og ein unge. Ungen var passe gammal til å setje ring på, så det var full klaff. Det er heller få smålom som er merkt i Norge. Høgst på lista til Kjell og kameraten hans, Kalle, står storlom. Denne fuglen hekkar også i Gloppen, men det er vanskelegare å fange han.

Fjellvåk
Fjellvåken hekkar stort sett berre når det er mykje smågnagarar å finne. Då har dei store kull, opp til 5 ungar, og det er mange par som er i aktivitet. I ”magre” år står dei fleste over hekking. Her i Gloppen er det eit par som stort sett fører slekta vidare kvart år. Vi avslutta turen med å besøkje desse.
Det var heile tre ungar i reiret i år. Ungane var i fin form, noko som kunne tyde på god mattilgang. Elles var det som vanleg stor aldersforskjell på ungane. Dette fordi fuglen set i gang ruginga når fyrste egget er lagt. Dei andre egga vert lagt med dagar i mellom.
Her var ungane i største laget. Dei kunne fort flyge ut om dei vart uroa. Desse ungane er såleis utan ring på føtene i dag og.

 

CC BY-SA 4.0
Spanande ringmerking av fugl i Gloppen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 18.07.2010

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>