Navigation Menu+

Blåvinge

Publisert den 16. aug 2010 av

Blåvinge ho
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Blåvinge ho

SOMMARFUGLEN SOM BLEI TV-STJERNE I FRANKRIKE
Visste du at den sjeldne og freda klippeblåvingen gjorde at miljøverndepartemange sa nei til eit stort byggeprosjekt i Tvedestrand i fjor. ? Og at eit fransk tv-selskap syntes dette var så interessant at dei tok turen til Noreg? laga eit tv-program som nådde ut til fleire millionar franskmenn og tyskarar. ?

Journalist Anne- Laure Caher frå det franske tv-selskapet Capa-Arte kom til Tvedestrand for å gjere opptak på funnstaden og intervjue ordføraren, grunneigaren og representantar frå SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfold). Programmet vart sett av fleire millionar franskmenn og tyskarar.
Av dei 99 artane dagsommarfuglar i Noreg er heile 16 blåvinge. med unntak av klippeblåvinga er blåvingene ein vanleg sommarfuglart i Noreg. Blåvingene er utbreidde i heile Europa heilt inn til dei arktiske områda. Dei finst på tørre såvel som fuktige plassar , frå havnivå og opp til 2000m o.h. I Noreg finst han over heile landet, og er svært vanleg mange stadar.
Flygetida deira er frå byrjinga av april til midten av oktober. Det er kor lenge dei lever. I Norge frå juni til september.
Den vanlegste blåvinga har det latinske namnet Polyommatus Icarus. Det er den du kan sjå mest. har vingespenn på 2.7-3.4 cm. Hannen si overside er lyseblå med fiolette vingeårar og kvit saum. Hoa si overside er brun, som regel med eit blåleg skjær, og med oransje flekkar langs kanten av begge vingene. Undersida av hannen sine vinger er lysegrå, og lysebrun på hoa. Og mange svarte flekkar og nokre oransje flekkar langs kanten. Men det er stor individuell variasjon i mønsteret.
Dei lever over alt i ope terrreng der det finst blomster. Hoa legg egga enkeltvis på næringsplanten sine blomstrar eller knoppar.
Larven liknar på skrukketroll, blå og grønn med tynne gule striper på sidene. Lever vanlegvis på tiriltunger, men også på andre erteplantar. Larven av 2. generasjon overvintrar. Larvane får ofte besøk av maur som slikkar i seg næringsstoff som larven skil ut. Den forpuppar seg til ein glatt skinande brun puppe som ligg i bakken ved næringsplanten.
Blåvingene er ulike i storleik og farge frå art til art. Ikkje alle er eingong blå. For å vite kva for ein blåvinge ein har føre seg, må ein vanlegvis sjå på undersida av vingene. Fargar, samt utforming, antal og plassering av prikkar og flekkar er viktig for å identifisere dei fleste artane. Du finn gode teikningar og bilete i sommarfuglbøker og på nettet. 

 

CC BY-SA 4.0
Blåvinge av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjarne Bergheim 9. kl 2010
Kjelder: Kjeldar: Wikipedia, www.wikipedia.no Cappelens naturhåndbøker Sommarfuglar, Samarbeidsrådet for biologisk mangfold www.sabima.no, Naturhistorisk museum i Oslo www.nhm.uio.no/fagene/zoologi/insekter Miljøverndepartementet. www.regjeringen.no/nb/dep/md

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>