Navigation Menu+

Aglajaperlemorvinge Argynnis aglaja / Mesoacidalia aglaja

Publisert den 16. aug 2010 av

Aglajaperlemorvinge på kvitbladtistel i Stardalen
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Aglajaperlemorvinge på kvitbladtistel i Stardalen

Ut på sommaren dukkar denne fine sommarfuglen opp. Spesielt i slutten av juli og fyrst i august er det lettast å sjå sommarfuglen som finn nektar på tistel eller raudkløver.

Aglajaperlemorvinge (Argynnis aglaja) er ein sommarfuglfugl som høyrer til den artsrike gruppa flikvinger (Nymphalidae). Han er den einaste store arten av perlemorvinger (Argynnini) som er vanlig over store delar av Norge.
Aglajaperlemorvinge er ein kraftig sommarfugl. Overflata er oransje med svarte flekkar og striper. Kroppen er temmeleg kraftig med små gylne hår. Vingene framme er kledde med lange gyllenbrune hår ved rota. Undersida av vingene liknar på oversida, men grunnflata er litt bleikare og dei mørke flekkane litt mindre. Egget til sommarfuglen er gulaktig med eit fiolettbrunt midtband og spissen i samme farge.
Larven er kort og trinn og han overvintrar som ung. Den er svart med to smale kvite rygglinjer. Larven blir klekt om hausten, og et berre eggeskallet før den gjer seg klar til å overvintre i
eit spunne hylster på bakken.
Aglajaperlemorvingen er ganske
vanlig i store delar av Sør-Norge og han er
observert heilt nord til Troms, men har ikke
stabile bestander i Nord-Norge. I
fjellet i Sør-Norge kan han gå opp til
1200 m. Ved kvart åndehol har han
ein rustraud plett. Den er utstyrt med svarte forgreina tornar og blir opptil 42 mm. Han fôrpuppar seg på ei vissen grein eller liknande. Dei vaksne sommarfuglane oppsøker gjerne tistlar eller raudkløver som nektarplantar. Flygetida er frå slutten av juni til fyrst i august.

 

 

CC BY-SA 4.0
Aglajaperlemorvinge Argynnis aglaja / Mesoacidalia aglaja av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: John Vegard Kristiansen 9. kl 2010
Kjelder: Kjelder: - www.Wikipedia.no - www.Lepidoptera.no - www.nhm.uio.no - www.luontoportti.com

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>