Navigation Menu+

Raudfalk (Falco naumanni)

Publisert den 16. aug 2010 av

Raudfalk
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Raudfalk

I Gloppen og fleire stader i Sogn og Fjordane hekkar det tårnfalk kvart år. Dette er kanskje den vanlegaste falken i vårt fylke. Det finst ein falk som lever lenger sør i Europa som heiter raudfalk. Han er nesten heilt lik tårnfalken.

 

Utsjånad
Det vitskaplege namnet er til minne om den tyske naturfoskaren Johann Andreas Naumann.
Raudfalken er ein liten falk. Han er om lag 30 cm lang, med eit vengespenn på ca. 65cm. Fargeteikningane liknar på dei du finn hjå tårnfalken. Raudfalken manglar ”falkebarten”, og er jamnare grå på hovudet enn tårnfalken. Flekkane på ryggen og under vengene er mindre tydeleg enn på tårnfalken. Ryggen er teglraud. Raudfalken har kvite klør og spiss stjert. Ungfuglane liknar på den vaksne hofuglen.

Mat
Raudfalken et først og fremst insekt, men også småfuglar, krypdyr og gnagarar. Tek byttet oftast på bakken.

Hekking

Han hekkar ofte i koloniar på bygningar, klippar eller i tre – hol, og legg opp til 3-6 egg.
Raudfalken hekkar frå Middelhavet i Sør/Sentral-Asia til Kina og Mongolia. Det er ein trekkfugl som overvintrar i Afrika og Pakistan. Han er sjeldan nord for hekkeområdet.

Utbreiing
Han er utbreidd og talrik på ein global skala, men i fleire hekkeområde synest han å vere inne i ein markert og muligens akselererande nedgang. Raudfalken er difor klassifisert som ein sårbar art. Dette betyr at den globale bestanden har vore redusert med 30% dei siste 10 åra, og ein forventar at det vil fortsette slik i minst eit tiår til!

 

CC BY-SA 4.0
Raudfalk (Falco naumanni) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ruben Skinlo 10b 2010

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>