Navigation Menu+

STORK ( Ciconia ciconia )

Publisert den 16. aug 2010 av

Stork. Mange gråspurvar har reir inne i sjølve storkereiret.
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Stork. Mange gråspurvar har reir inne i sjølve storkereiret.

Han vart rikskjendis, fekk eige frimerke og enorm publisitet i media. Norsk ornitologisk foreining kalla han ”Den mest medieomtalte fuglen i Norge nokon gong”. Vi tenkjer sjølvsagt på storken Sture, som overvintra på ein avfallsplass i Hamar.

 

Stork i Norge?
I vinter har ein stork tilhald på ein søppelfylling i Lindås. Denne fuglen vart fyrst observert på Jæren, så på Karmøy og no i Lindås. Det er ti år sidan det vart observert stork i Hordaland. Kanskje er dette storken Sture?
Stork i Gloppen?
Stork er nok ikkje ein vanleg fugl I Gloppen, men den 28. november 2006, vart det observert ein stork på Byrkjelo. Det er nok litt merkeleg at denne fuglen, som til vanleg held seg i sørlege Europa, Afrika og Asia, ved fleire høve har vore observert i Norge vinterstid. I 1978 var det også ein stork her i området: Gloppen (1978), Jølster (1978), Gaular (1978), Bryggja (1978), Vågsøy (1978), På Eid  vart det dessutan observert ein stork i 1984.

Stork tilhøyrer storkefamilien, der det er rundt 19 artar. Du kan sjå denne fuglen i store delar av Europa, Afrika og Asia. Også i Danmark har denne fuglen hekka. Storken er også nasjonalfuglen til Tyskland.
Utsjånad
Storken er over 1 meter høg, og har eit langt kraftig nebb, og lange bein. Han er som
oftast kvit, med ein svart stjert. Dette er ein stor fugl, og han har lange venger. Vengespennet kan bli opp til 2 meter.
Storkar et for det meste små dyr, som frosk, padde, insekt og små fuglar.

Hekking
Storken hekkar på open kulturmark, med tilgang på myr og våtmarksområde.
Dei lagar store reir som kan vere 2 meter lange, og heile 3 meter djupe. Dei kan bruke reiret om att fleire år.
Kjelder: NKS – Forlagets fuglebok, Wikipedia og SNL
Hamar arbeiderblad

 

CC BY-SA 4.0
STORK ( Ciconia ciconia ) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Christina Holvik 10a 2010
Kjelder: Kjelder: NKS – Forlagets fuglebok, Wikipedia, Hamar arbeiderblad

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>