Navigation Menu+

Pelikan (Pelecanus crispus)

Publisert den 16. aug 2010 av

Pelikan
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Pelikan

Pelikanar er ein gruppe sjøfuglar som er kjende for sine særegene nebb. Gruppa er delt inn i åtte arter. Pelikanen hekkar i Søraust- Europa og i Sentral-Asia. Nokre få gonger er fuglen observert i Norge, men det er nok fugl rømt frå fangenskap.
 

Utsjånad
Fuglen sitt fremste kjenneteikn er strupesekken i undernebbet. Sekken er utspent og blir stengt av overnebbet, som er tynt og flatt.
Kroppsbygningen er klumpete og stor, men halsen er tynn. Strupen og augepartiet manglar fjør og dun, men kroppen elles er fjørkledd og tett. Ho – og hannfuglen liknar ganske mykje på kvarandre. Gangen er ganske opprett, og dei er dyktige symjarar. Berre eit fåtal dykkar etter mat, dei fleste fisker ved vassoverflata. Pelikanar lever av fisk og andre ryggstrengdyr. Dei kan til og med ete ender viss dei ikkje er for store. Sjølv i hekkekoloni av havsule kan dei gå inn og sluke halvstore havsuleungar. Dei lever i flokkar på hundre- eller tusenvis av individ, og samarbeider godt. Når pelikanen dykkar, har han hovudet først, for å fange fisk. Vatnet blir deretter tømt ut av nebbsekken, som har plass til heile 13 liter. Fyrst då kan han svelgje fisken. Det hender at måsar prøver å fange fisken ut av nebbet når den tømer ut vatnet.
Hekking
Hekkinga skjer i våtmarker. I Hekketida er fuglen gul på hovudet, og kvit på halsen. Dei legg to til fire kvite egg. Ungane blir klekt etter ca. 38 dagar, og er grå og dunete. Hoa og hannen byter på å ruge, og dei er oppofrande foreldre. Utanom hekkeperioden er hovudet gulspraglete. Pelikanen legg reiret sitt på baken eller i eit tre, av pinnar, og vegetasjon, ofte på øyer. Pelikanar kan temmas, og formeirar seg ofte i fangenskap.

 

CC BY-SA 4.0
Pelikan (Pelecanus crispus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ole Roger Evebø 2011
Kjelder: Wikipedia

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>