Navigation Menu+

STOR FLAMINGO (Phoenicopterus roseus)

Publisert den 16. aug 2010 av

Flamingo
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Flamingo

Stor Flamingo er ein av dei seks artane i flamingofamilien. Du vil ganske sikkert ikkje møte på fuglen i Gloppen eller elles i landet, men om du er på ferie i anten Afrika, Sør-Europa, India eller Sørvest-Asia, kan det hende du får auge på den selskaplege vadefuglen.

Flamingoen vil du oftast sjå i store flokkar i nærleiken av vatn, eller ute i grunt vatn. Stor flamingo liknar veldig på Chileflamingo og Raudflamingo.
Fuglen er den største av flamingoane, og kan vere alt ifrå 110-150 cm høg. Vekta ligg oftast mellom 2 og 4 kg. Den største observerte flamingoen var 187 cm høg, og vog 4,5 kg, så det er ikkje alltid gjennomsnittshøgda og -lengda stemmer. Fuglen har ei rosa – kvit fjørdrakt, med heilt rosa bein. Nebbet er rosa, med svart tupp, og vengene er raude, og har nokre svarte fjør.
Fuglen står ofte på eit bein, og «sminkar» seg når dei skal finne partnarar. Rosafargen deira kjem frå karotenoid, som dei får frå byttedyra sine. Nyleg har forskarar i Spania funne ut at fuglen skil ut dei same pigmenta gjennom ein kjertel nær halen. Når fuglane ”pussa” fjørene, så dreg dei ut desse pigmenta, og dermed blir fargen jamn, noko som skal lokke til seg partnarar. Produksjonen av dette pigmentet aukar når dei skal finne seg partnarar, altså på hausten og vinteren. Lokkelyden liknar veldig på den lyden gjæser lagar.
Stor Flamingo er ein veldig vakkert fugl; det er liten tvil om det – og det er nettopp det som gjer at den er populær å ha i dyrehagar. Det første vellykka, registrerte klekkinga innanfor ein dyrehage, vart gjort i 1959, i Basel, i Sveits. Men det er svært få andre dyrehagar som har fått det så bra til, og dermed ”leverer” dyrehagen i Basel ut Stor Flamingo til andre ut over heile verden.
 

CC BY-SA 4.0
STOR FLAMINGO (Phoenicopterus roseus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Irene Slagstad 10a 2010
Kjelder: Wikipedia

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>