Navigation Menu+

Stivdylle (Sonchus asper)

Publisert den 12. sept 2010 av

Sjølv om denne gule korgplanten oftast veks i åkrar, dukka eit par eksemplar opp langs ein garasjevegg i Lyngvegen i Åsen på Sandane. Her blomstra han i mykje over ein månad, før frosten tok han.

 

Kjenneteikn og biologi:
Stivdylle er ein eittårig plante i korgplantefamilien. Den har bleikgule og tungeforma blomar i små korger på 1,5-2 cm. Blada er vanlegvis heile, mørkegrøne, blanke, grovt taggete og sluttar seg heilt rundt stilken. På grunn av den gule blomen blir stivdylle ofte forveksla med løvetann. Både løvetann og stivdylle er fylt med mjølkesaft, noko du lett kan sjå ved å klemme på eit avrive blad. Planten kan variere i storleik frå 30 cm til ein meter. Stivdylle blomstrar frå juli til oktober månad, og blomane har tre kransar med grøne dekkblad rundt seg. Stivdylle har omtrent 4700 frø per plante, og den formeirar seg berre ved hjelp av frø. Frøblada til stivdylle er eggforma med heilrand og kort stilk.

Utbreiing
Stivdylle er vanleg i heile landet. Den er eit ugras, og veks som oftast på åkrar, særleg grønsaksåkrar, eller langs vegkantar, helst der det er næringsrik jord.

CC BY-SA 4.0
Stivdylle (Sonchus asper) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Daniel Reed Hjolmann 10c 2011
Kjelder: Wikipedia, Den virtuelle floraen

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>