Navigation Menu+

Natur, kultur og media Elevbedrift

Publisert den 7. des 2010 av

Teljing av fugl i Bukta fuglefredingsområde
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Teljing av fugl i Bukta fuglefredingsområde

For ca. 7 år sidan, blei elevbedrifta «Natur, Kultur og Media» oppretta. Kvart år har elevar frå 8. 9. og 10. klasse vore med i bedrifta. Vi er 25 medlemmar no, og det er kjempekjekt at so mange elevar engasjerer seg i arbeidet vi gjer.

 

Starten
I starten var målet å publisere naturfagleg stoff, men etter kvart har vi klart å flette inn alle dei andre skulefaga og. Elevane får arbeidde med faga på ein heilt anna måte enn i klasseromma, og det er motiverande og kunne utføre ulike ting i praksis, ikkje berre på papir.
Bedrifta består av eit styre med leiar, kasserar, sekretær og kontaktlærar. Alle som er med får ein liten smak på arbeidslivet. Det er ikkje berre elevane som kan ha nytte av det vi gjer, men også lærarane kan lære masse gjennom arbeidet. Dette kan også vere ein bra måte å drive UDV på. Vi er komne svært langt med tanke på dei få åra elevbedrifta har vore i drift. Vi har gjennomført mange spennande og lærerike prosjekt, og det er fortsatt masse i vente!

Oppgåver og arbeid i elevbedrifta
Blant mange forskjellige oppdrag vi har utført, er bedrifta kanskje mest kjent for alle artiklane vi har skreve. Vi skriv 20 artiklar i året som handlar om plantar, dyr og insekt. Desse sel vi til lokalavisa, Firda Tidend. Hittil har vi produsert over 500 artiklar, og i overkant av 100 av dei er trykt i avisa. Alle artiklane vert også lagt inn på nettstaden geoatlas.no. Noken av medlemmane i bedrifta kan fleire språk fordi dei har foreldre frå andre land. På den måten får vi omsett noken artiklar til engelsk, tysk og fransk.
Dei siste åra har film og videoredigering vore ein viktig del av arbeidet vårt, og vi har lagt ned utallige timar i samband med film-prosjekta våre. Vi har laga ein røykevideo som viser tørrdestilering av ein sigarett. Vi la inn grafar og statistikk om bl. a. kor mykje pengar som går med til røyking, og kor mykje tjære ein får i seg. Denne videoen var eit bidrag til Sophus Lie reknekonkuranse, og vi vann 12 500kr for den. Vi har også laga ein film om rovfuglen Hønsehauk som skal selgast. Ellers lagar vi film frå Juleballet på Gloppen Ungdomsskule kvart år, og den er populær blant elevane.

 

Ein av våre største ressursar er fugleteljing for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi tek då bilder av fugl på freda område, for so å telje all fuglen på bilda. På denne måten sjekkar vi både ulike fugleartar og ser om fuglebestanden vert halden ved like. Vi har observert krise for hettemåsa, som har hatt ein kraftig nedgang. I 2008 observerte vi 64 hekkande par, i 2010 var det kun 4 att. Vi ser og svært sjeldne artar, bl. a. Stripegås, Ringgås, Sandlo og Knekkand. Etter kvart har vi fleire elevar som er blitt ekspertar på området. Dei siste 3 åra har dei talt over 15 000 fugl!

 

Kalendar
Kvart år, ei lita stund før jul, lagar vi ein kalendar som vi sel. Denne er 100% sjølvprodusert frå botnen av. Vi designar den sjølv, trykkjer den heftar den saman. Lokale bedrifter gjev oss sponsorstøtte år etter år, for at vi skal få til den flotte produksjonen. Gjennom bileta på kalendaren, viser vi fram naturen i nærmiljøet på ein framifrå måte. Den sel godt, og det er eit felles prosjekt å selje den – alle er med!

Fotografering
Fotografering er også ein viktig del av arbeidet vi gjer. Alle bilder som vert lag til artiklar og kalendar er av eigen produksjon. Elevane tek gladeleg med seg eit kamera på tur, og kjem att med mange flotte bilder. Det er først og fremst naturen og dyrelivet som vert fotografert, sidan det er naturfag som står i sentrum for arbeidet vårt. Vi har også elevar med stort talent innan teikning, som har teikna flotte dyrebilder.

 

Kjekt for elevane
Elevane har stort utbytte av å vere med i ei slik bedrift. Dei er engasjerte og har det kjekt med arbeidet dei gjer, og er stolte av å kunne selje teoretisk kunnskap i praksis. Dei får møte arbeidsliv og entrepenørskap på ein god og lærerik måte. Vi ser ein heilt anna innstats og arbeisvilje enn ved vanlege skulefag og lekser. Dette syner imidlertid også att i klasseromma, der lærarane møter meir motiverte elevar. Natur Kultur & Media arbeider med skulefaga på ein heilt anna måte enn det vanlege pensum tilseier, og dette er god tilleggs-erfaring å ha med seg vidare. I tillegg til dei faste prosjekta våre, har vi alltid noko nytt og spennande å by på. Arbeidet er variert, og vert ikkje kjedeleg på nokon måte.
 

CC BY-SA 4.0
Natur, kultur og media Elevbedrift av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Markus Bjørnareim 10c 2010

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>