Navigation Menu+

Med kikerten i stoveglaset

Publisert den 28. mai 2011 av

Signe Hauge får bildegåve med, Ruben, leiaren i elevbedrifta.
Foto: Femke de Jongcbn

Signe Hauge får bildegåve med, Ruben, leiaren i elevbedrifta.

Elevbedrifta «Natur, Kultur og Media» har hatt stor framgang dei siste åra. Ein del av æra gir vi gladeleg vekk til Signe Hauge, ein trufast samarbeidspartnar, som tipsar oss om det er noko som skjer i fuglesamanheng. Ho er ein pensjonert lærar som vi inviterte tilbake i klasserommet. Derfor vil vi i elevbedrifta bli betre kjend med ein av våre fugleekspertar.

Den no pensjonerte læraren frå Hauge, møter gladeleg opp med eit smil om munnen til det noko uhøgtidlege intervjuet. Ho kan meir om fuglar enn dei aller fleste, og vi lurte på kva opphavet til denne interessa. Ho svarar ved å fortelje ei historie frå omkring tjue år sidan. Signe og familien sat rundt kjøkkenbordet og åt , då ein heil flokk med snøspurv dukka opp utanfor vindauget. «Dei forsvann like fort som dei kom!» fortel den engasjerte entusiasten. Nøyaktig kor mange fuglar der var, veit ho ikkje, men seier at der var i alle fall hundre. Dette var altså opphavet til den altoppslukande interessa.

Signe fortel at ein av grunnane til at interessa har vorte halde ved like, er at fuglelivet i Gloppen har utvikla seg, og fått mange nye tilskot. «Det var ikkje like variert før» seier ho. Vidare fortel ho at det var for eksempel mykje meir gråsporv tidlegare, og at no er det kome blant anna storskarv, ærfugl og ein del ender som kvinand, toppand, krikkand, skeiand og brunnakke.

Eit av spørsmåla vi har gått og lurt på, er kva som er favoritten til ein slik kjennar. Ho tenkjer over kva fuglar det var meir av før i tida, og ramsar opp den eine etter den andre, men må konkludere med at favoritten er blåmeisa, sjølv om det er sjøfugl ho til vanleg ser mest av, sidan ho bur nær fjæra.

Når vi spør Signe om ho trur interessa for fuglar har blitt større, svarar ho ganske kjapt «Ja». Ho meiner det er fordi at det er ein heil del sjeldne fuglar, som feks. skeiand, innom på snarvisitt. Interessa har òg blitt større for dei vanlegast fuglane i nærområdet; noko som har bidrege til at dei tradisjonelt, legg ut kilovis av solsikkefrø på fuglebrettet, og heng opp julenek kvart år. Men det er ikkje alltid fuglane får vere i fred – nabokatten oppdaga raskt kvar fuglane heldt til på vinteren i nærområdet. Signe er ikkje berre fugleentusiast, men ho er òg fuglevenn, og passar på når det trengst.

I stoveglaset ligg kikerten og fugleboka klar, slik at om det kjem ein ukjend fugl til syne, kan ho kjapt få greie på kva det er som har dukka opp. Og det var akkurat på denne måten ho tok kontakt med elevbedrifta. For fire år sidan såg ho ei gås nede i fjæra, frå stoveglaset sitt. Denne gåsa hadde ho aldri sett før, så ho tok fram fugleboka. Denne gav ingen svar. Då ringte ho til elevbedrifta sin rettleiar Svein Hjelmeset. Ho fortalte korleis fuglen såg ut: «Fjærdrakta var nærmast sølvfarga» Den hadde to kvite striper langs halsen og eit karakteristisk hovud med eit par svarte striper. Saman fann dei svaret på gåta. Det var ei Indisk Stripegås. Dette var opptakta til eit flott samarbeid med elevbedrifta.

For Signe er fjæra eit eldorado av dei heilt store, og dette får vi i bedrifta god nytte av, og vi takkar for samarbeidet og intervjuet ved å gi henne eit eigenprodusert bilete. Vi håpar artikkelen vil bidra til fleire fugleentusiastar rundt omkring.
 

CC BY-SA 4.0
Med kikerten i stoveglaset av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Malene Toen Nese & Irene Slagstad 2011

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>