Navigation Menu+

Grønlandsmåke (Larus glaucoides)

Publisert den 1. mar 2012 av

Grønlandsmåke
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Grønlandsmåke

På skotårsdagen 29.februar 2012 vart det for fyrste gong i Gloppen observert grønlandsmåke, til og med to stykke, i Bukta Fuglefredingsområde. Ser ut for at det er til dels mange nye arter som er innom kommunen denne vinteren.

Utbreiing

Grønlandsmåka hekkar i det arktiske Canada og Grønland. Ho er trekkfugl som overvintrar i dei nordlegaste statane i det austre USA og på dei britiske øyane. Ser at det er rapportert inn ein del overvintrande grønlandsmåker langs norskekysten også denne vinteren.
 

Utsjånad
50-66 centimeter lang, vingespenn på 115-140 centimeter og vekta er mellom 820-1100 gram. Ho ser ut som ei lita og ekstra lys gråmåke, men utan svarte vingespissar. Ho er mindre enn ei polarmåke som ho kan forvekslast med.

Hekking
Grønlandsmåka hekkar i koloniar eller åleine ved kysten. Ho legg reiret på bakken. Vanligvis legge ho 2-3 egg.
 

 

 

CC BY-SA 4.0
Grønlandsmåke (Larus glaucoides) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2012

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>