Navigation Menu+

Hærfugl (Upupa epops)

Publisert den 1. sept 2012 av

Hærfugl
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Hærfugl

Hærfugl høyrer til råkefuglane som er kjende for sine friske fargar. Berre sjå føre deg isfuglen og bietarane med sine flotte fargar. Hærfuglen høyrer heime i Eurasia, Nord-Afrika og Madagaskar. Likevel er han observert fleire stader i Norge heilt nordover til Finmark.

Litt meir om fuglen: Lokketonen er eit hult, langtrekkande, fleirstavingsrop. Det latinske namnet fuglen har fått skal likne på lokketonen. Det norske namnet spelar mykje på overtru. Når denne fuglen ein og annan gongen viste seg så langt nord som i Nord-Europa, vart det tolka som eit varsel om krig. Hærfuglen kan ein oftast sjå på bakken på leiting etter insekt og mark. Denne dietten kan vere grunnen til at fuglen er lista opp som urein i Det Gamle Testamentet.

Utsjånad og hekking: Hærfuglen er 25-28 cm lang og har eit vingespenn på 44-48 cm. Fargane vekslar mellom svart, kvitt og rosa. På hovudet har fuglen ein stor fjørtopp som kan reisast opp. Hærfuglen går på bakken som ein stare. Flukta er uberekneleg og kan minne om ein stor sommarfugl i flukt. Reiret legg fuglen i eit innhola tre som gjerne er 1,5 m over bakken.  Hoa legg 5-8 grå eller gule 26 mm lange egg. Desse rugar ho i 16-18 dagar. Ungane er flygeklare etter 26-29 dagar. Som sine slektningar feks bietar og isfugl, er reiret gjerne fullt av ekskrement og ille. Dette som forsvar mot rovdyr. Kjempehærfuglen som døde ut for mange år sidan, levde på Saint Helena. Hærfuglen vart i 2008 kåra til nasjonalfugl i Israel.

CC BY-SA 4.0
Hærfugl (Upupa epops) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2012
Kjelder: Wikipedia

Ein kommentar

  1. Såg eit eks av Hærfugl i Rollag fredag 4. oktober då.

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>