Navigation Menu+

Firflekklibelle (Libellula quadrimaculata)

Publisert den 13. jun 2013 av

Firflekklibelle
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Firflekklibelle

 

Firflekklibelle er ei libelle som høyrer til familiegruppa libeller (Libellulidae). Firflekklibelle finn ein i det meste av Europa, Asia og Nord-Amerika. Finst i Danmark, Sverige og Finland. I det sørlige Norge, nord til Troms, men manglar i høgfjellet.
 

Utsjånad.

Kjønna er ganske like. Fargen er lys grå-brun til svart, bakkroppen har gule flekkar på sidene. Eldre hannar har ofte ein mer grå enn svart farge på bakkroppen. Hoa sin bakkropp er ganske brei og flat.
Vingene står i ein rett vinkel ut fra kroppen når dei kviler. Kvar vinge har ein mørk flekk midt på, i framkanten. Dette har gjeve insektet namnet firflekklibelle. Vingespennet er mellom 65 og 85 millimeter.
 

Levevis: Firflekklibelle er ein av dei vanligste øyenstikkarane. Nymfene lever i vatn, dammar eller myrtjern i låglandet, opp til 600 moh. Dei vaksne (imago) øyenstikkarane finst vanligvis ikkje langt frå stadent der dei levde som nymfe, gjerne ved bukter eller vikar av større innsjøar, men og i myrområde.
Egga blir lagde i vatn. Utviklinga tek 1-3 år. Nymfene overvintrar, delvis nedgravd, mellom vegetasjonen eller ved røtene. Dei vaksne (imago) øyenstikkerne finst vanligvis ikkje langt fra stedet der dei levde som nymfer. Flygetiden er fra slutten av mai til september, men vanlegast i tidleg sommar.
Firflekklibelle har ufullstendig forvandling, overgang fra nymfe til det voksne kjønnsmodne insektet går gradvis gjennom flere hudskift (nymfestadier). Nymfene lever i vatn og liknar dirfor lite på dei vaksne, bortsett frå størelsen. Når nymfa kjem til det siste hudskiftet, finn ho eit strå eller noko, slik at ho kan klatre opp over vassflata. Her blir ho hengande, medan huda sprekk på ryggsida. Den nyklekte øyenstikkaren blir hengande på den gamle huda, eller like ved sida av, helt til den nye huda er litt herda, og vingene har fått sine endelige former.

 

CC BY-SA 4.0
Firflekklibelle (Libellula quadrimaculata) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2013
Kjelder: Wikipedia Olsvik, Hans

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>