Navigation Menu+

Strandarve (Honckenya peploides) Nellikfamilien

Publisert den 25. jun 2013 av

Strandarve med sine ti pollenbærarar
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Strandarve med sine ti pollenbærarar

Strandarve, fleirårig urt i nellikfamilien. 5–25 cm høg, glatt og kjøtfull med korsvis motsette blad og små, kvite blomstrar. I Norge er den vanlig på sandstrand ved sjøen heilt til Sør-Varanger.

Strandarve er ein låg, krypande fleirårig urt. Planten gjev eit gulaktivt inntrykk. Blada er sukkulente, ovale til eggerunde og gulgrøne i fargen. Dei sit korsvis motsette. Strandarve blomstrar i juni-juli med små grønkvite og einkjønna blomstrar (6-10 mm). Kronblada er noko kortare enn dei kjøtfulle begerblada. Hannblomsten har store kronblad og 10 pollenbærarar, medan hoblomsten har noko mindre kronblad og tre griflar. Blomstane luktar sterkt av honning. Frukta er ein kapsel med få frø som har tre tenner når den opnar seg. Planten veks direkte på sand og grus ved havet og tåler godt saltsprut. Artsnavnet peploides tyder: liknar på Peplis, som er eit namn på ei planteslekt som i våre dagar blir sett på som synonymt med kattehaleslekta (Lythrum)…

 

 

Strandarve med sine ti pollenbærarar
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Strandarve med sine ti pollenbærarar

CC BY-SA 4.0
Strandarve (Honckenya peploides) Nellikfamilien av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2013
Kjelder: Biologiportalen: http://www.biologiportalen.net/filer/strandarve.html
Kommune: Refviksanden

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>