Navigation Menu+

Raudstrupesongar (Sylvia cantillans)

Publisert den 29. mai 2014 av

Ein sjeldan gong viser raudstrupesongaren seg når han syng
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Ein sjeldan gong viser raudstrupesongaren seg når han syng

Raudstrupesongar er ein svært sky fugl som gøymer seg i tett vegetasjon når han syng. Hekkar i varierte biotopar, ofte i busker i tørre skråningar. Reir i tett busk

Utbreiing.
Hekkar i store delar av Sør-Europa og Nord-Afrika. Trekkfugl som overvintrar i tropisk Afrika. Observert fleire gonger her i landet.

Utsjånad.
Raudstrupesongaren er om lag like stor som tornsongaren (12-13 cm), som er vanleg hekkefugl i Norge. Kroppsforma er og lik på desse to songarane, men raudstrupesongaren er meir fargerik. Hannen er raud i brystet og rundt augene. Hofuglen er lys i bringa og kroppsforma er rundare enn hos hannfuglen.

CC BY-SA 4.0
Raudstrupesongar (Sylvia cantillans) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2014

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>