Navigation Menu+

Dvergsnipe (Calidris minuta).

Publisert den 21. aug 2014 av

Den sjeldne dvergsnipa, 14 cm lang, har vist seg i Eid kommune.
Foto: Svein Hjelmesetcbn

Den sjeldne dvergsnipa, 14 cm lang, har vist seg i Eid kommune.

Dvergsnipa er den minste av snipene våre, som hekkar på tundraen og på arktiske kystheier. Trekkruta sørover ligg slik til at vi kan få sjå fuglen på Vestlandet om ein er heldig. Onsdag 20. august 2014 vart denne fuglen, som er på storleik med ein gråspurv, observert på Tippamyrane på Haugen i Eid kommune. Fuglen held seg ilag med ei større snipe, Grønnstilk, som og er sjeldan i området .

Feltkjenneteikn og hekking.
Dvergsnipa er 14-15 cm lang og vingespennet er 27-30 cm. Dette er vår minste snipe som lett kan forvekslast med temmincksnipa som og er gråbrun, spraglete og kvit. Dvergsnipa har ein karakteristisk kvit V-forma teikning på ryggen (sjå bilde).

Hekkar sparsomt i Finnmark (nokre hundre par), og vidare austover i det nordlige Sibir. Trekkfugl som overvintrar i Afrika og India.

Det er ikkje uvanleg at fuglen (hoa) har to kull i ein hekkesessong. Fyrste kullet må hannen ta seg av, ruging og mating. For det andre kullet, med ein ny hannfugl, ordnar hofuglen med ruging og mating av ungane.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2014

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>